Årets FolkLeiarUng er i gong!
Denne helga går startskotet for årets FolkLeiarUng-prosjekt – ei satsing for unge folkemusikarar og folkedansarar mellom 15 og 25 år som vil lære meir om rolla som pedagog og leiar.

FolkLeiarUng er no inne i sitt femte år, og første samlingshelg finn stad på Voss 24.–26. oktober, i samband med Osafestivalen. Gjennom helga får deltakarane møte erfarne instruktørar, fordjupe seg i eiga sjanger og lære meir om formidling, samspel og pedagogiske metodar.
Osafestivalen
Den komande samlinga skjer under Osafestivalen på Voss. Festivalen har blitt arrangert sidan 1994, og er ein møtestad der folkemusikken møter andre, nærliggande musikkformer, til spanande, nye uttrykk. Ved å leggje første FolkLeiarUng-samling til denne festivalen, får deltakarane også moglegheit til å oppleve enda meir av både musikk og dans gjennom helga.
Her kan de lese meir om Osafestivalen
Om FolkLeiarUng
FolkLeiarUng er eit samarbeid mellom FolkOrg og Noregs Ungdomslag, og finansiert av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica. Her får unge musikarar og dansarar frå heile landet moglegheiten til å utvikle seg som framtidige pedagogar i spel- og danselag. Deltakarane får oppfølging gjennom året og møtest att til ny samling i Oslo 20.-22. mars. I år er det 18 deltakarar, fordelt på musikk og dans. Årets deltakarar kjem frå: Nes, Setesdal, Jevnaker, Røros, Oslo, Molde, Bergen, Osterøy, Trondheim, Bodø og Lom.
Prosjektet er meint å vere eit bidrag til lokallaga i form av å gi dei eldre ungdommane eit tilbod som kan auke motivasjonen til å halde fram med spelinga og dansinga i laget. Deltakarane får opplæring i korleis dei skal lære bort ein slått eller ein dans, kva som er viktig å ta omsyn til når ein skal planlegge øvingar, og korleis ein lærar bort til born og unge, kontra vaksne og erfarne.
Alle deltakarane får oppfølging av særs dyktige og kunnskapsrike instruktørar på dans og musikk: Anna Gjendem og Ina Maria Cyrus (dans) samt Vegar Vårdal og Kristoffer Kleiveland (musikk).
Vi ønsker årets deltakarar lukke til med dei komande samlingane, og vonar det blir ein spanande og lærarrik oppleving!
Om de veit om nokon på dykkar lag som kunne tenkje seg å vere deltakar på FolkLeiarUng, kjem det ein ny sjanse for skuleåret 2026/2027, så følg med.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
2 millionar ekstra
Noregs Ungdomslag har fått over to millionar kroner i auka løyving til husarbeid i organisasjonen i 2025. - Dette er resultat av godt arbeid over mange år, seier styreleiar Tone Mjelde.
10. desember 2025


Følg oss i sosiale medier!
9. desember 2025


Årets lokallag 2025
Du kan no sende inn nominasjon til Årets lokallag 2025! Nominasjonsfrist: 1. mars 2026.
5. desember 2025
