Om oss
Noregs Ungdomslag er ein kulturorganisasjon med føremål om å skape engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar. Organisasjonen vart stifta i 1896, og vi har i dag om lag 13 500 medlemmar og vel 310 lokallag rundt om i heile landet.
Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Medlemmene våre får høve til å utøve både tradisjonelle og nye kulturuttrykk, samtidig som dei lærer å organisere aktivitetane. Med det styrker vi òg samfunnet og demokratiet.

Dei 312 lokallaga i Noregs Ungdomslag driv eit mangfald av aktivitetar
Folkedans
Organisasjonen arbeider fagleg og politisk for alle formene for norsk folkedans.
Levande kulturarv
Levande kulturarv eller immateriell kulturarv er tradisjonar og kunnskap som blir overført mellom generasjonar.
Bunad og handverk
Bunad og handverk er ein historisk viktig og sentral aktivitet i Noregs Ungdomslag.
Ungdomshus
Husa våre er viktige som arena for frivillig kulturarbeid og utøving av dans, teater, bunadsarbeid, og anna kulturarbeid.
Teater
Amatørteater har i heile levetida til Noregs Ungdomslag vore ein del av det sentrale arbeidet i organisasjonen.
Samarbeidspartnarar
NU er stolte over å samarbeide med ei rekkje organisasjonar og institusjonar som deler engasjementet vårt for ungdom, kultur og samfunnet. Desse samarbeida styrkjer arbeidet vårt og bidrar til å utvide moglegheitene for medlemmane våre.


Kontakt oss
Lurer du på om eit medlemskap i NU kan vere noko for deg, eller har du eit anna spørsmål? Då er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.
Aktuelt
Sjå allePolitiske ressursar
Sjå alleInnspel til partiprogram for 2025
Noregs Ungdomslag har sendt innspel til partia sine program for stortingsvalet i 2025.
Innspel til ny Kulturmiljølov
Høyringinnspel av styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen og generalsekretær Magni Hjertenes Flyum om ny kulturmiljølov. Innspelet vart sendt 1.2.2023 til Klima- og miljødepartementet.
Innspel til strategi for kulturfrivilligheit
Samla innspel frå Noregs Ungdomslag til ny strategi for frivilligheita. Innspelet vart sendt 31. januar 2023. Regjeringa sin nye strategi finn de her: Rom for deltakelse - regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023-2025) - regjeringen.no
Styringsdokument
Sjå alleFolkedansstrategi
Fastsett av styret 14.03.2021.
Arbeidsprogram 2023-2024
Vedtatt på landsmøtet 24. april 2022
Styringsføresegner
Sist endra av landsmøtet i 2017