Endeleg resultat Kven Veit? 2025!
Årets vinnarar av Kven Veit? er kåra. Det var vore ein tett pallplassering heile vegen, der få få poeng har skilt laga frå kvarandre. Til slutt blei det tre lag som endte opp øvst på pallen.

2025 markerar 200-årsjubileet for den norske utvandringshistoria. Juli 1825 drog sluppen Restauration frå Stavanger til New York, og 53 pasasjerar gjekk i land med håp om ein ny framtid. Sidan den gong har over 800 000 nordmenn emigrert til Amerika.
Kunnskapstevlinga Kven Veit? har hatt spørsmål frå temaheftet som omhandla dette temaet, i tillegg til ei rekke andre tema.
Gjennom tre tevlingsrunder har lag over heilt Noreg tevla om topplasseringa. Til slutt blei det tre lag som endte opp med den gjeve førsteplassen:
1. plass
- Bondeungdomslaget i Steinkjer, Dansarane
- U.L. Prøven, 5
- Skodje Frilynde Ungdomslag, Jaktlaget
2. plass
Hugnad Ungdomslag, Torpo
3. plass
Bergen Ungdomslag Ervingen
Lista Ungdomslag, A
Den endelege resultatlista finn du her.
Vi gratulerar så mykje til vinnarane og takkar for innsatsen!

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Lagsnytt 9. mai 2025
Fredag 9. mai sende Noregs Ungdomslag ut nyheitsbrevet Lagsnytt med viktig informasjon om sommarleiren 2025, gjesteinstruktørordninga, vedtak frå landsmøtet og tips til bunadsvedlikehald før 17. mai.
9. mai 2025


Dette skjedde på landsmøtet
Oslo, 26.–27. april – Med folkedans i beina, framtidsvisjonar i hovudet og 83 røysteføre delegatar i salen, gjekk landsmøtet til Noregs Ungdomslag av stabelen på Thon Hotel Opera i Oslo. Møtet ga på både inspirasjon, politiske vedtak og nytt fjes i leiarstolen.
9. mai 2025


Søk om gjesteinstruktør for hausten 2025
Skal de arrangere kurs i til dømes teater eller dans og vil ha besøk av ein instruktør? Søk innan 1. juni på gjesteinstruktørordninga vår for kurs hausten 2025.
2. mai 2025
