Ny sjekkliste skal hjelpe kulturaktørar å nå fleire
Kulturalliansen lanserer Kulturrettleiaren. Eit nytt verktøy for meir inkluderande og tydeleg kommunikasjon i frivillig kulturliv.

Korleis kan lokallag og foreiningar nå ut til fleire enn dei som allereie kjenner til aktiviteten? Dette spørsmålet har vore utgangspunktet for Kulturalliansen sitt arbeid med Kulturrettleiaren, som vart lansert måndag 3. november.

Verktøyet består av ei sjekkliste og ei digital rettleiing, som skal hjelpe organisasjonar med å kvalitetssikre informasjon dei deler, slik at fleire får vite om aktivitetane som finst i nærmiljøet.
- Ein av dei største barrierane for deltaking i kulturlivet er faktisk manglande informasjon. Mykje blir kommunisert internt og med ord og utrykk som berre dei «innvigde» skjønar. Dette ville vi gjere noko med, seier prosjektleiar Marie Hustad frå Kulturalliansen.
Kulturrettleiaren er utforma som ein interaktiv PDF, der brukarane kan trykke seg nedover ulike punkt for å sjekke alt frå språkbruk og tilgjenge, til korleis ein kommuniserar inkludering. Noregs Ungdomslag har hjelpt til å lage nynorsk-versjonar av både sjekklista og rettleiaren, slik at Kulturrettleiaren blir tilgjengeleg på begge språk om kort tid.

Verktøyet er testa ut på to pilotar: Ung i Kor og Norges Musikkkorpsforbund. Begge har hatt gode opplevingar med verktøyet, som har som mål å vere eit hjelpemiddel – ikkje meirarbeid – for frivillige som driv lokale kulturaktivitetar.
Sjekklista er praktisk og nyttig, og rettleiaren gav oss interessant innsikt i rekruttering. Rekruttering er ferskvare, så dette er noko vi jobbar aktivt med.
Sjekklista og rettleiaren er eit verktøy vi ønskjer å bruke sjølve i våre rekrutteringsprosessar, og vi kan tilrå dette til andre kulturorganisasjonar. - Hobøl skulekorps
I samband med prosjektet har Kulturalliansen kartlagt eigne kulturlokale i 25% av landets kommunar. Heile 80% av dei frivillige organisasjonane dei kartla meldte om ledig kapasitet på sine aktivitetar. Det handlar med andre ord om å nå ut til alle dei som ikkje veit om aktivitetane frå før. Ved hjelp av Kulturrettleiaren håper Kulturalliansen at dette skal bli enklare.
Kulturrettleiaren finn du her.
Dokumentet fungerar best når den opnast i Acrobat, så det er anbefalt å laste ned den lenka fila (ikkje printversjonen), for betre å nytte den interaktive PDFen.
Vi vonar alle våre lokallag får stor nytte av dette nye verktøyet!

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Følg oss i sosiale medier!
9. desember 2025


Årets lokallag 2025
Du kan no sende inn nominasjon til Årets lokallag 2025! Nominasjonsfrist: 1. mars 2026.
5. desember 2025


Ti lokallag fekk støtte til branntryggleik
Det vart ein hyggeleg start på desember for ti lokallag i Sogn og Fjordane. På røykvarslardagen 1. desember delte Huset i Bygda, samarbeid med Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane, ut til saman 200 000 kroner til branntryggingstiltak i ungdomshus rundt om i fylket.
1. desember 2025
