Rådgjeving for frivillige kulturhus må styrkjast
Noregs Ungdomslag deltok denne veka på høyring i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, der dei løfta fram behovet for å styrkje rådgjevinga til frivillig eigde kulturhus over heile landet.

(Lurar du på kva ein høyring er? Sjå nederst i saka.)
Noregs Ungdomslag peika på verdien i dei organisasjonseigde kulturhusa
Generalsekretær Magni Hjertenes Flyum og styreleiar Tone Mjelde møtte komiteen på vegner av organisasjonen. I innspelet peika dei på at over 5 500 lokale kulturhus – ungdomshus, grendehus, bedehus og samfunnshus – er avgjerande for levande og inkluderande lokalsamfunn, men at dei frivillige som driv desse husa treng betre støtte og rettleiing.
– Desse folka er ikkje byråkratar. Dei er naboar, lærarar, elektrikarar og småbarnsforeldre som tek ansvar for huset heile bygda brukar. Dei må forhalde seg til reglar for branntryggleik, moms og universell utforming, samstundes som dei skal skape aktivitet og fellesskap, sa Magni Hjertenes Flyum under høyringa.

Huset i Bygda
Gjennom satsinga Huset i Bygda har Noregs Ungdomslag sidan 2010 kartlagt dei frivillig eigde kulturhusa og tilbydd rådgjeving, kurs og møteplassar for huseigarar. Arbeidet har gitt resultat – fleire hus er blitt tryggare, betre vedlikehaldne og meir aktive.
Likevel er behovet større enn organisasjonen har kapasitet til å møte. Noregs Ungdomslag ber difor Stortinget om å auke driftstilskotet med 1 million kroner over kap. 315 post 78, slik at rådgjevingstenesta kan kome fleire lokalsamfunn til gode.
– Dette handlar om berekraft i praksis – å ta vare på det vi allereie har, sa styreleiar Tone Mjelde og peika på at frivillige med millionansvar må få den kompetansen dei treng for å halde lysa på og dørene opne i heile landet.
Noregs Ungdomslag støttar Frivillighet Norge
Noregs Ungdomslag støtta òg Frivillighet Norge sitt innspel om betre ordningar for momskompensasjon og oppgradering av frivillighetsbygg, og understreka at hjelp til dei som tek ansvar for husa er ei investering i levande lokalsamfunn, sosial berekraft og kulturarv i bruk.
Kva er ein høyring?
Ein høyring på Stortinget er eit møte der komiteane på Stortinget (t.d. Familie- og kulturkomiteen) inviterer organisasjonar, fagfolk eller andre til å seie meininga si om ei sak som politikarane jobbar med. Det kan vere forslag til nye lover, endringar i statsbudsjettet eller andre politiske saker. I høyringa får deltakarane nokre minutt til å fortelje kva dei meiner, kva utfordringar dei ser, og kva dei ønskjer at politikarane skal gjere.
Målet er å gi politikarane kunnskap frå dei som jobbar med sakene i praksis, før dei avgjer kva dei skal vedta.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Følg oss i sosiale medier!
9. desember 2025


Årets lokallag 2025
Du kan no sende inn nominasjon til Årets lokallag 2025! Nominasjonsfrist: 1. mars 2026.
5. desember 2025


Ti lokallag fekk støtte til branntryggleik
Det vart ein hyggeleg start på desember for ti lokallag i Sogn og Fjordane. På røykvarslardagen 1. desember delte Huset i Bygda, samarbeid med Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane, ut til saman 200 000 kroner til branntryggingstiltak i ungdomshus rundt om i fylket.
1. desember 2025
