Søk gjesteinstruktør for våren 2026
Skal de arrangere kurs i til dømes teater eller dans og vil ha besøk av ein instruktør? Søk innan 1. november på gjesteinstruktørordninga vår for kurs våren 2026.

Lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag (NU) kan få besøk av ein gjesteinstruktør til å halde helgekurs i laget sitt. Ein kan velje mellom kurs i dans, musikk, teater eller organisasjon.
Laget betalar ein eigenandel på kr 5000 og NU betaler honorar, reise, diett og overnatting for instruktøren. Laget må sjølv organisere kurset, stille med lokale, ordne med påmelding mm, medan NU tek kontakt med instruktør og lagar kontrakt med denne.
Linedance hos UL Ørnen
I vår fekk fekk blant anna UL Ørnen kurs i linedance. Tretti fornøgde dansarar, både frå lokallaget og utanom, dansa seg gjennom ei februarhelg:
- Vi var kjempefornøgd med kurset og det var veldig god oppslutning. Både deltakarar og arrangørar var strålande fornøgd og i ettertid har vi kost oss mykje med dei nye dansane vi gjennomgjekk på kurset! Seier Drude B. Eriksen frå UL Ørnen.

Kriterium:
- Kurset skal vare i minimum 8 klokketimar
- Laget skal melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon dersom det er meir enn 3 deltakarar over 14 år. Studieforbundet kultur og tradisjon
- Laget må vere medlem i Noregs Ungdomslag
- Laget må ha levert årsrapport for føregåande år og ha registrert sine medlemmar i medlemssystemet for inneverande år
- Laget må sende inn søknad innan den gjeldande fristen
- Søknader som kjem inn etter søknadsfrist vil ikkje verte vurdert
- Søknader som kjem via e-post/telefon/brev vert ikkje vurderte utan særskilt avtale
Fristar:
Søknadsfristen 1. november 2025 gjeld for kurs som blir gjennomført i januar - juli 2026.
For organisasjonskurs har vi ikkje frist.
Kontaktinfo gjesteinstruktørkurs: Rita S. Vatnehol, 24 14 11 14, rita@ungdomslag.no

Fleire aktualitetar
Sjå alle
2 millionar ekstra
Noregs Ungdomslag har fått over to millionar kroner i auka løyving til husarbeid i organisasjonen i 2025. - Dette er resultat av godt arbeid over mange år, seier styreleiar Tone Mjelde.
10. desember 2025


Følg oss i sosiale medier!
9. desember 2025


Årets lokallag 2025
Du kan no sende inn nominasjon til Årets lokallag 2025! Nominasjonsfrist: 1. mars 2026.
5. desember 2025
