Nordlek
Noregs Ungdomslag er med i det nordiske samarbeidet Nordlek, som ein av 23 nordiske organisasjonar.
Samarbeidet femnar om dei store NORDLEK-stemnene som blir arrangerte kvart tredje år, BARNLEK-stemne for barn og unge kvart tredje år, ungdomstreffet Nordring, mindre folkedansstemne som Isleik og Havleik, i tillegg til kurs og utveksling mellom folkedans- og musikkgrupper.
16.-21. juli 2024 vart NORDLEK og nordisk sommarleir arrangert i Arendal, eit vellukka og storstilt arrangement!
Neste arrangement i Nordlek-regi er BARNLEK 21.-26. juli 2026 i Finland.

Komande Nordlek-stemner
- 21.-26. juli 2026 - BARNLEK (Raseborg, Finland)
- Påska 2026 - NORDRING (Sverige)
- 2027 - NORDLEK (Danmark)
- 2028 - GRØNLEK (Grønland)
Nordlek-stemner i Noreg
Noregs Ungdomslag er ansvarleg arrangør for BARNLEK i 2032 og NORDLEK i 2036. Er ditt lag eller område interesserte i å vera lokal arrangør? Ta gjerne kontakt med oss!
Bli med på BARNLEK 2026
21.-26. juli 2026 blir det BARNLEK i Raseborg i Finland, for alle born som dansar eller spelar.
På ISLEK blir det dans, spel, draktutstilling, utfukter mm. Det blir tilbod om skuleovernatting på stemnearenaen.
Nordlek-utvalet

Torunn Hernes Bjerkem
Noregs representant i styret i Nordlek

Nina Byttingsmyr
Folkemusikkutskottet i Nordlek

Tonje Johannessen Stabbetorp
Folkedans- og kulturutskottet i Nordlek

Yasmin Alonzo Ullestad
Barne- og ungdomsutskottet i Nordlek
Samarbeidspartnar

Besøk nettsiden til Forbundet Nordlek
Forbundet Nordlek er eit nordisk samarbeidsorgan som arbeider for å fremje den tradisjonelle nordiske folkekulturen. Forbundet har røtter i dei store nordiske folkedansstemna som har vore arrangert sidan 1920, og skipar i dag til NORDLEK og BARNLEK kvart tredje år i tillegg til mindre stemne som Havleikur, Isleik, Grønlek, Ålek, og Nordiske Folkekulturkongressar. NU har vore med heilt frå starten, og er einaste norske medlemsorganisasjon.