Tilskotsordning
Gjesteinstruktørkurs
Søk om å få besøk av ein gjesteinstruktør til å halde kurs i teater, dans eller musikk i laget ditt.
Lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag (NU) kan få besøk av ein gjesteinstruktør til å halde helgekurs i laget sitt. Ein kan velje mellom kurs i dans, musikk, teater eller organisasjon.
Laget betalar ein eigenandel på kr 5000 og NU betaler honorar, reise, diett og overnatting for instruktøren. Laget må sjølv organisere kurset, stille med lokale, ordne med påmelding mm, medan NU tek kontakt med instruktør og lagar kontrakt med denne.
Kriterium:
- Kurset skal vare i minimum 8 klokketimar
- Laget skal melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon dersom det er meir enn 3 deltakarar over 14 år
- Laget må vere medlem i Noregs Ungdomslag
- Laget må ha levert årsrapport for føregåande år og ha registrert sine medlemmar i medlemssystemet for inneverande år
- Laget må sende inn søknad innan den gjeldande fristen
- Søknader som kjem inn etter søknadsfrist vil ikkje verte vurdert
- Søknader som kjem via e-post/telefon/brev vert ikkje vurderte utan særskilt avtale
Fristar:
Søknadsfristar er 1. juni og 1. november.
For organisasjonskurs har vi ikkje frist.

Fleire tilskotsordningar
Sjå alle
- Teater
- Folkedans
- Levande kulturarv
- 1. april 2023
- 1. oktober 2023
- 1. august 2023
- 1. desember 2023
- 10 000 - 500 000
Sparebanken Vest
Sparebanken Vest har fleire ulike støtteordningar, med ulike tema og nedslagsfelt

- Teater
- Folkedans
- Bunad og handverk
- 28. august 2023
- 1. mars 2023
- 20 000 – 50 000
Fond for lyd og bilde
Godgjørelse til rettighetshavere for kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete.

- Ungdomshus
- 5. desember 2023
- 50 000 - 1 000 000
ARENA - tilskuddsordning for bygg og infrastruktur
Ordninga skal medverke til at det profesjonelle prosjektbaserte kunst- og kulturfeltet i heile landet innan biletkunst, scenekunst, musikk, litteratur, tverrkunstneriske uttrykk og det frie kulturvernet har tilrettelagt, berekraftig og hensiktsmessig infrastruktur for produksjon, formidling og faglag utvikling.