Sjekk bunaden
Om du tek fram bunaden på Hulda Garborg sin bursdag 22. februar har du god tid til å få alt på stell før bunadssesongen.
...men ikkje ver redd om det ikkje er 22. februar. På denne sida har vi samla tips og råd frå ledande bunadsekspertar frå heile landet, så du kan får den hjelpa du treng. Den er tilgjengeleg heile året.

Startdato for å byrje å sjå over bunaden er satt til 22.februar. Dette er ikkje tilfeldig, da dette er fødselsdagen til bunadens mor, Hulda Garborg. Dette er en god tid på året å ta fram bunaden og sjå over om den er rein og fin. Gå over alle delane til bunaden – skjorte, sko, hovudplagg, sjal og anna tilbehøyr.
Prøv bunaden din på for å sjå at han passar. Hugs at bunaden skal passe deg – ikkje motsett. Mange har fått bunaden sin til konfirmasjon, og det er heilt naturleg at vi må gjere justeringar på eit plagg vi har hatt sidan vi var 14 år.
Vi håper at denne sida kan vere til hjelp, og at de går eit stressfritt bunadsår i møte.
I tillegg vil vi leggje ut informasjon om komande bunadsrelaterte arrangement.


Sjekkliste
Fagdagar i bunad og folkedrakt
Sjå alleSjekk bunaden, på bunadskafé
Sjå alleVask og stell


Kva er eigentleg ein bunad?
Lurer du på kva ein bunad eigentleg er? Kjem du stadig over diskusjonar om akkurat dette temaet? Her får du nokre svar.
Redd for "bunadspolitiet"?
Det er mange uskrivne reglar når det kjem til bunadsbruken, og desse reglane er like mange som det er bunadar i landet. Men har vi eigentleg noko med korleis andre folk vel å kle seg?


Bunad DIY
Her vil det bli lagt ut videoer som viser korleis du gjern ulike enkle reparasjonar, eller monteringar.
Hulda Garborg
Hulda Garborg vart fødd 22. februar 1862. Hennar namn er uløyseleg knytt til bunadshistoria i Noreg.
